Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Kjøpsrett

  1. Kva er eit kjøp? Kjøpslova har ingen definisjon av kjøpsomgrepet, men eit kjøp er ein avtale mellom ein seljar og ein kjøpar der vederlaget er pengar, salsobjektet er ein ting – lausøyre, og der kjøparen får eigedomsrett til tingen.
  2. Kva kjenneteiknar eit privatkjøp? Eit privatkjøp (kjøp mellom forbrukarar) er kjenneteikna ved kjøp av lausøyre (ting), der verken seljaren eller kjøparen opptrer som næringsdrivande (yrkesseljar), der vederlaget er pengar, og der kjøparen får eigedomsretten til tingen.
  3. Kva kjenneteiknar eit næringskjøp? Eit næringskjøp er kjenneteikna ved kjøp av lausøyre (ting) som ledd i næringsverksemd der vederlaget er pengar, og der kjøparen får eigedomsretten til tingen. I slike kjøp er det to føretak som handlar ting med kvarandre, og kjøpekontrakten inngår som eit ledd i ei næringsverksemd.
  4. Kva for kjøp regulerer kjøpslova? Reglane i kjøpslova (1988) blir først og fremst nytta på kjøp av lausøyre. Det vil seie ting som klede, sko, kvitevarer, brunevarer, bilar osv. Kjøpslova regulerer berre næringskjøp og privatkjøp. Forbrukarkjøp har si eiga lov – forbrukarkjøpslova (2002).
  5. Kva vil det seie å ha risikoen for tingen? Risikospørsmålet er knytt til kven som har råderett over vara og dermed dei økonomiske interessene i henne. Ein kjøpsavtale føreset at anten seljaren eller kjøparen har risikoen. At begge har risikoen samstundes, er umogleg. Den som har risikoen for vara, må også ta eit eventuelt tap dersom vara blir skadd eller øydelagd.
  6. Kvar finn vi lovreglane om risikoovergang? Kjøpslova kapittel 3 og forbrukarkjøpslova kapittel 3 har nærmare reglar om risikoen for tingen.
  7. Kva er hovudregelen for risikoovergang? Risikoen går over ved levering som avtalt, jf. kjøpslova § 13 (1). I forbrukarkjøp går risikoen over når tingen er levert til forbrukaren, eller når leveringstidspunktet har komme og seljaren har levert som avtalt, forbrukarkjøpslova § 14.
  8. Når ligg det føre forseinking av vara? Vara er forseinka når ho ikkje er levert eller er levert for seint, jf. kjøpslova § 22(12) og forbrukarkjøpslova § 19.
  9. Kva krav kan kjøparen gjere gjeldande ved forseinking? Kjøparen kan på bestemte vilkår krevje oppfylling, heving, erstatning og tilbakehalding av kjøpesummen, jf. kjøpslova § 22 (1) og forbrukarkjøpslova § 19.
  10. Kva er ein fysisk mangel? Vara skal vere i samsvar med avtalen når det gjeld art, mengd, kvalitet, andre eigenskapar og innpakning, jf. kjøpslova § 17 (1) og forbrukarkjøpslova § 15.
  11. Kva er ein opplysningsmangel? Kjøpslova § 18 og forbrukarkjøpslova § 16 bokstav c seier kva som kan vere ein opplysningsmangel. Vara har slik mangel dersom ho er marknadsført med urette eller villeiande opplysningar (sjå marknadsføringslova § 2 og § 3).
  12. Kva for eit tidspunkt blir lagt til grunn for mangelvurderinga? Tilstanden vara var i da risikoen går over til kjøparen, det vil seie ved leveringa, avgjer om vara har mangel, jf. kjøpslova § 21 og forbrukarkjøpslova § 18.
  13. Kva vil det seie at ei vare er «seld som ho er»? Vara kan ha mangel sjølv om ho er seld med vilkåret "seld som ho er", jf. kjøpslova § 19 og forbrukarkjøpslova § 17. Denne regelen sikrar kjøparen visse rettar sjølv om dette vilkåret i avtalen er nytta. Slike vilkår er nokså vanlege ved sal av brukte ting, auksjonssal.
  14. Kva er ein reklamasjon? Ein reklamasjon er ei rettsbevarande handling. Det vil seie at kjøparen kan tape eit krav mot seljaren sjølv om det er aldri så rettmessig, dersom ho ikkje følgjer reklamasjonsreglane og dei fristane som gjeld.
  15. Kva krav kan kjøparen setje fram dersom det ligg føre ein mangel? Kjøpslova § 30 og forbrukarkjøpslova § 26 seier at kjøparen på visse vilkår kan setje fram desse krava når vara har ein mangel: Kjøparen kan krevje retting, omlevering, prisavslag, heving og erstatning og at kjøpesummen blir halden tilbake.